Lesing - tenking - språking på verdsveven siden 2008

søndag 27. november 2011

Erling Lægreid er død

Fredag kom melding om at Erling Lægreid er borte.
Difor sender eg ut bursdagsteksten eg skreiv då han fylte 70, hausten 2009. Verdsveven og lesarane får ha meg orsaka at eg ikkje redigerer posten i lys av den siste, djupt triste hendinga.
Ein gong fekk eg snakka med han og trur eg gitt uttrykk for at han har vore viktig. Takk for tankane.




6. september 2009
Erling Lægreid og tida vår

I går fylte Erling Lægreid 70. Det tyder mellom anna at han skal på pensjon, at han skal vekk frå eteren og at ein epoke er over. Fredag fekk han om lag fire minutt i eit oppsummerande intervju hos Steinfeld i Dagsnytt Atten - eitt av magasinprogramma han har vore med å starte opp hos kringkatsinga i løpet av dei 40 åra han har halde til der. Eg har lytta gjennom alle Kulturnytt-sendingane denne veka, heile Ukeslutt og sett Laurdagsrevyen i håp om at han skulle bli nemt. Ikkje eit ord. Eg synest eg kan høyre diskusjonen i Dagsrevy-redaksjonen då dei la planane for helga: "Skulle vi ha noko magasinaktig på at Lægreiden går av? Han har jo vore her lenge, han er jo litt kjent."
"Nei, det er ikkje verdt det. Han er jo så gammal og sur, og så er det nynorsken hans, dessutan er det ingen av kjernesjåarane våre som bryr seg om han. Nei, det der får P2 ta seg av."
Eg har lese fleire enn sju aviser i helga, det og med eit håp om finne eit lite portrett ein stad. Og eg fann - eitt. I Dag og tid. Der har Agnes Ravatn skrive flott om kvifor det er lurt å leve kompromisslaust og utan lojalitet til redaksjonar og kjelder. Eg lo av historia om korleis han fekk hybel på vestkanten då han kom til Oslo. Dessutan brukte ho eit avsnitt på "Du bestemmer sjøl når det skal gjøre vondt" frå hesteboka til Petterson.
Og eg har googla det eg har vore kar om. Til slutt fann eg laurdagsutgåva av Sogn Avis, med Erling på framsida. Eg registrerte meg som brukar av nettutgåva for å få lese intervjuet. Der har vi ei stolt lokalavis som ikkje teier der andre held kjeft! Kva han skal gjere på måndag? "Eg skal gå gjennom hundrevis av råstoffopptak som eg har på kontoret. Difor får eg behalda kontoret mitt ein periode framover. Eg har veldig mykje råstoff som eg skal registrera. NRK sletta diverre veldig mykje materiale på 70- og 80-talet og det kan henda at ein del av det eg vil finna vil ha stor historisk verdi."
Men sjølv Sogn Avis kan ta feil, til dømes her kor dei tek vel hardt i: "I dag blir Noreg teppebomba med Lægreid, blant anna gjennom portrettintervju i ein del av dei større avisene i Noreg."

Eg veit ikkje kva ein kan gjere for at ting ikkje skal ta slutt, men eg veit at eg vil komme til å sakne. Meir enn ein gong dei siste par åra har eg vitja nettradiosida til NRK Gull på leiting etter den uforgløymelege Søndagsavisa då Andrea Bræin Hovig og Finn Skårderud var gjestar i samband med ei oppsetting av Romeo og Julie på Det Norske. Dei snakka om kjærleiken, rett og slett, og samtalen berre glei av garde, spørsmåla til Lægreid opna tankar, og tankane fletta seg i kvarandre, og dei fann eit felles språk, slik at rytmen i praten stod i stil med emnet dei drøfta. Slik radio skulle vore gitt ut på plate, eller i det minste på ein gullkanta podcast.

Og jo meir eg tenkjer på det, dess klårare står det føre meg at pensjonsdagen til Erling Lægreid råkar eit punkt i historia der noko er i ferd med å endrast. Det er ei veke til valet, linsensen er eit nokså heitt tema, og NRK får motstandarar av å selje VM i fotball. Og sentrum av Nurge ligg i Oslo og her snakkar og tenkjer vi som ei balanding av ein sjeføkonom og Jonas Gahr Støre. Og periferi er så langt uti utkanten at han ikkje er til å få auge på.
Og Lægreid som ikkje held ut dumme folk, må se å få seg ein drøss arvtakarar som kan seie ting slik dei er. På fleire nivå.