Lesing - tenking - språking på verdsveven siden 2008

mandag 2. januar 2017

På veggane


Alt menneska har på
veggane
sorga og skjønnheita
ser eg på

Ein sommarfuglplansje
med franske tekstar
vitskaplege namn

Eit portrett av ein
mann
frå 1910

Ei treskei skore ut av
eit stykke bjørk
for 70 eller var det 80 år
sidan
av ein friar
som er gløymt av alle
unntatt ei
men ho er daud
ser eg på

Og desse kvite rammene
abstrakte litografi
barneteikningane frå fredag
(mens) eg ventar

(er redd for det eg ventar)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar