Lesing - tenking - språking på verdsveven siden 2008

søndag 21. mars 2010

Åkeren er heilt fri for gras

Åkeren er heilt fri for gras
Men riksa syng i sumarnotti
og kvernsteinen hans Nils
går og går
medan eg står ved sida av
og vil hjelpe
viss eg får
og kan

Og det er ikkje natt
ikkje enno
men vi gjer klar for
å slå gras
saman
og dei andre ungane
dei unge
har sprunge ned
til vatnet
svarte vatnet
som er like svart
same kor mykje sola
blenkjer i overflata

og snart er det kveld
han kjem som eit pledd
frå fjorden
og frå andre kanten
frå Lunden
kjem kvelden meir som
ei gardin som blir
trukke ned
snøgt

og snart syng grashoppene
og seinare ligg dei gamle
i kammeret - den eine i
skuffen
og det ristar i veggane
når dei dreg
tømmerstokkar

det er natta som
notter
i kammeret
der ein ikkje har lov til
å ta noko frå skapet
endå det ligg sko og leiker
der som ingen vil bruke
nokon gong

ein får sjå på sakene
og ein kan ønskje seg ting
men ein får dei ikkje med
seg heim
ikkje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar